Forby Fattigdom?
Svar til Ulf Erik Knudsen sitt lesarbrev tysdag 17. juli.
Du taler om å forby tigging, vil ikkje det være å forby fattigdom i Noreg. Dette er nok i FRP si interesse, men kven skal dei trykke under seg om fattigdom blir forbode i Noreg. Det hadde ikkje Ulf Erik Knudsen tenkt på i alt sitt hat.
Du taler også om å slutte å gje romfolket pengar, eg vil oppmode folket om det motsatte. Dette er menneske. Dei er menneske desse også. Nett som eg og du. Så slutt å oppfør deg som om dei var dyr. Grunnen til at romfolket må tigge vil eg tru er manglande tilgang på arbeide. Det er nok derfor også ein del av dei lever i slum. Kva med å gje dei eit tilbod folkens?
Alle som er eldre enn 16 år bør vite kva som skjedde med jødane i forkant av andre verdskrigen, då tusen tal av jødar vart kasta ut av mange europeiske riker, ser de samenhengengen no, ikkje lat oss gjere same feilen igjen. Dei er menneske dei også.
Tormod Bakkeplass
Nye SOS-rasisme
Lesarbrev trykt i Hallingdølen 21. juli 2012



