Gå til meny

Publisert av Nye SOS Rasisme 26.11.2014

Nye SOS Rasisme, Kurdistan Fredsforening, somaliske miljø, Flerkulturell

Ungdom – med flere – organiserte torgmøte med appeller og påfølgende fakkeltog.

Fra appellen til Jon Kristian fra Nye SOS Rasisme om hvorfor vi demonstrerer i dag:
“I Trondheim finst det nazistiske grupper. SMR, Som reknast som det største trugsmålet mot den indre tryggleiken i Sverige, har i to år hatt ei gruppe i Trondheim. Desse spreiar ikkje berre hets, men har ved to høve angripe og skada folk. Også andre stader i landet forsøker desse å etablere seg. I Rogaland har dei også prøvd å gjere seg meir spiselege ved å danne organisasjonen Borgarvernet Rogaland. Ole Nicolay Kvisler, ein av dei som drap 15 år gamle Benjamin Hermansen i 2001, er tilknytt denne gruppa.”

“For første gang sidan 1945 har Trondheim nå aktive nazistiske grupper. I Ukraina sitter nazister i regjering. I Midt-Austen brer fascistiske ISIS seg. Nazismen er altså på ingen måte noko som forsvann etter krigen. Nazismen er ikkje eit spesielt symbol eller spesielle ord. Det er ei terrorrørsle som undertrykker minoriteter, kvinner og folkeleg organisering. Nazismen sitt mål er å knuse solidaritet og folkeleg samhald og opprette den brutale makta si på gata. Derfor organiserer vi oss, fremmer folkeleg samhald og viser at gatene tilhøyrer oss ved å demonstrere i dag.”

||||||||||||||||||||||   SOSIALE MEDIER   ||||||||||||||||||||||

||||||||||||||
Utviklet av Aktiv Webdesign
© 2012 Nye SOS Rasisme
Postadresse: Nye SOS Rasisme
Pilestredet 29A
0166 Oslo
Telefon: 479 45 490
E-post: post@nyesos.no