Gå til meny

Publisert av Nye SOS Rasisme 01.12.2014

Nok ein gong er nazistane i Nordfront framme i media, denne gongen i Altaposten. Reaksjonane kjem etter at dei har hatt ein serie artiklar på si nettside om eit planlagt asylmottak i Bossekopp i Finnmark. Her går dei laus på fylkesmannen i fylket og skriv: “En foræder som han fortjener og dingle”.

Desse groteske utsagna frå nazistane er ikkje overraskande. Dei føyer seg inn i ei lang rekke som vi har sett tidlegare. Den nazikontollerte gruppa “Borgervernet Rogaland” la til dels grove utsagn frå sine medlemar etter brannen på asylmottaket i Sandnes tidlegare i sommar. Et knippe kommentarar henta frå deira Facebookside:

“Dumt at dei ikkje brant inne” og
“Skulle vel lage middag og gjekk tom for ved”.

Dette kan ikkje kallast for ytring, det er rasisme og framandhat som må bekjempast med det rette verktøy. Difor er det feil vei og gå når ein inviterer nazistar inn i varmen og gjev dei klapp på skuldra og ei talarstol. Dette har vi sett i Stavanger og no sist i Oslo og Bergen.

Stavanger: Her blei talsperson og nazisten Øystein Vaule invitert til eit ope møte om ytringsfridom i Kulturhuset Sølvberget, 26 mars.

Bergen: Studentersamfunnet arrangerte 29 oktober eit møte som tiltrakk nazister og rasister. Her deltok redaktør for Document.no som ekspert på det norske samfunnet. Document.no er mest kjent for å ha gitt spalteplass til Anders Behring Breivik.

Oslo: Her var det møte på Deichmanske Bibliotek med Document.no, 24 oktober. Her holdt Lars Vilks foredrag om den svenske kunstnaren Dan Park, som er dømt til 6 månaders fengsel for rasistiske ytringar.

Vi i Nye SOS Rasisme går inn for forbod mot nazistisk organisering: Denne organiseringa betyr vold og kriminalitet, ikkje meiningsbrytning. Mest utsatt for trakassering er innvandrarar, homofile, lesbiske, fagforeinigsfolk og antirasistar. Å bruke ytringsfridomen som forsvar for naziorganisering er meinigslaust, når denne fridomen blir brukt til å hetse og trakassere andre. Eit lovforbod vil ikkje gjere at desse organisasjonane forsvinn, men gjere det lettare å hindre eventar og arrangement som kan vere ei rekrutteringskjelde for nynazistane. Inntil vi har eit slikt lovforbod må vi jobbe på alle plan for at det lovverket vi har idag skal bli brukt, mellom anna paragraf 135a. Denne paragrafen forbyr rasistiske ytringar. Det vi ser no er kriminell verksemd og nazistane må stoppast før fleire liv går tapt.

||||||||||||||||||||||   SOSIALE MEDIER   ||||||||||||||||||||||

||||||||||||||
Utviklet av Aktiv Webdesign
© 2012 Nye SOS Rasisme
Postadresse: Nye SOS Rasisme
Pilestredet 29A
0166 Oslo
Telefon: 479 45 490
E-post: post@nyesos.no