Gå til meny

Publisert av Nye SOS Rasisme 24.11.2014

Tor Bach, redaktør i “Vepsen”, står fram i eit intervju i Aftenposten. Der hevdar han at nynazismen i Norge ligg for døden og er ufarleg.

Det er synd at Tor Bach ignorerer dette miljøet. Eit av argumenta hans er at det norske miljøet må til Sverige for å finne åndsfrendar, og at dei ikkje har vore på gata sidan 2000. Snevert sett er dette korrekt. For 15 -20 år sidan var gata den plassen man måtte gå for å møte og rekruttere folk. Idag er den tradisjonelle asfalten skifta med andre arenaer, sosiale media, internettfora og nettsider. Og at aktiviteten her har gått ned tvilar eg på. Tor Bach hoppar bukk over dei organisasjonane som ber bensin til dei nazistiske båla. Ein kan nemne eit knippe, SIAN, NDL, Demokratane og Document.no.

Alle desse er både titt og ofte i felten med sitt brune budskap. I Rogaland klarte nazistane i NORDFRONT å stable på beina “Borgervernet Rogaland” med fleire hundre sympatisørar på Facebook. Og talspersonen, ein open nazist, blei invitert til ope møte om ytringsfridom på kulturhuset Sølvberget i Stavanger. At ein nazist blir teken så inn i varmen har vel ikkje skjedd sidan 2. verdskrig. Då kan vi vel ikkje avfeie dei med at dei berre driv fyllerør og intrigar.

Så til at nynazistane drar til Sverige for å finne meiningsfellar. Dette er ikkje noko nytt på 2000 talet. Nazistane, som kallar seg nasjonalistar er vel i bunn og grunn ofte så lite nasjonalistar som det går an å bli. Dei har alltid vore avhengig av koordinasjon og samspel med likesinna i andre land Slik har det vore sidan 1950 – talet og det veit Tor Bach. Både Eirik Blucher og Tor Hadland gjorde ihuga forsøk på å bygge ein nordisk organisasjon på 1960 og 1970 – talet. Nordiska Rikspartiet var ideen og den store leiar då som nå, ein svenske. Gjøran Assar Oredsson hadde stor autoritet i den brune gjørma i heile Norden i mange år. Det verkar som Tor Bach har tenkt dei tankane han har tenkt og tenke. Låst litt fast i gamle forestillingar i måten og tenke på så bagateliserer han eit livsfarleg miljø.

Han nemner ikkje at dette miljøet har stått bak det som har vore av terroraksjonar i Norge etter 2 verdskrig og at dei har skapt Norges verste massemordar.

Det er fortsatt viktig å sette søkelys på desse miljø på alle arenaer dei opererer, og gjere det ubehageleg å vere nazist. Samtidig jobbe aktivt for lovforbod mot nazistisk organisering. Vi treng mange allierte og gode hjelparar i dette arbeidet. Tor Bach er nok ikkje ein av dei.

||||||||||||||||||||||   SOSIALE MEDIER   ||||||||||||||||||||||

||||||||||||||
Utviklet av Aktiv Webdesign
© 2012 Nye SOS Rasisme
Postadresse: Nye SOS Rasisme
Pilestredet 29A
0166 Oslo
Telefon: 479 45 490
E-post: post@nyesos.no